Sommartur med pensjonistlaget

Tradisjonen tro har Ytre Vinje pensjonistlag også i år sin sommartur, også i år med Magnusreiser i tida 5.-9. august, 5 dagar. Det vert start frå Kroa i Åmot med påstigning undervegs. Turen gjeng med den nye ferga frå Langesund og over til Hirtshals og vidare opp til Stavanger og Bergen. Det vert overnattingar i Bergen med diverse turar og omvisingar i dette området, der dei mellom anna skal ut på Radøy- Fedje og Mongstad. Andre dagen vert det guida rundtur i Bergen, men ettermiddagen er til eigen disposisjon og felles middag om kvelden. Heimturen gjeng over Haukelifjell.

Fristen for påmelding er 20. juni.