Spaden i jorda for Kvålsgrend vasslag

Neste sommar skal Mjåvatn, 688 meter over havflata, vatne engane i Kvålsgrend i Høydalsmo. Torsdag sette gardbrukarane i grenda spaden i jorda for dette eineståande samarbeidsprosjektet i Vest-Telemark-samanheng. Formann i Kvålsgrend Vasslag, Bjarne Lofthus på Kvåle, må motstrebande vedgå at det var han som fekk ideen. – Fleire turkesomrar på rad er øydeleggande for graset, ikkje minst timoteien. Det kan ein berre verge seg mot gjennom kunstig vatning. Det er heller ikkje uinteressant at ein dermed også får større avlingar, seier Bjarne.

Les heile saka