Stadig fleire arbeidsledige i Kviteseid
For fyrste gong på meir enn eitt år går arbeidsløysa i Telemark fylke ned. Men i Vest-Telemark – og spesielt i Kviteseid – er det feire ledige nå enn på same tid i fjor.
Nav Telemark melder at dei for fyrste gong sidan februar 2014 kan informere om færre ledige enn på same tid året før. Det er totalt 2848 ledige i fylket. Det er 3,3 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen er på 51 personar, eller 2 prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men i Vest-Telemark er det fleire ledige i alle dei seks kommunane samanlikna med mai-tala i 2014. Mest dramatisk er det i Kviteseid kommune. Her er 44 personar utan jobb. Det utgjer 3,4 prosent av arbeidsstyrken, og er 16 personar meir enn på same tid i fjor (auke på 57 prosent).
I Vinje viser mai-tala at 32 personar er arbeidsledige, 8 fleire enn på same tid i fjor. Det er fleire ledige også i Seljord, Nissedal, Fyresdal og Tokke enn det var i fjor, men i alle kommunane, unntatt Kviteseid, er den totale lediggangen under 2 prosent av arbeidsstyrken.
Totalt er det 139 personar utan arbeid i Vest-Telemark. Dette er 32 fleire enn på same tid i fjor.
Om ein samanliknar med tala for sist månad er det no 10færre ledige totalt i Vest-Telemark. Både i Seljord, Tokke og Vinje var det færre ledige i mai enn i april, medan det var ein liten auke i Kviteseid, Nissedal og Fyresdal.
Nav Telemark opplyser også at talet på langtidsledige aukar. Delen langtidsledige i Telemark er 32,6 prosent og ein må tilbake til 2002 for finne like høg del langtidsledige.
I Noreg er 2,7 prosent av arbeidsstyrken arbeidsledige (74 994 personar). Det er tre prosent meir enn på same tid i fjor. I prosent er det flest ledige i Østfold (3,4), men Telemark fylgjer rett bak saman med Oslo, og Aust-Agder (3,3).