Stør folkehøgskulen med 15 000

Formannskapet i Seljord løyver eit marknadsføringsbidrag på 15 000 kroner for 2015 til Seljord folkehøgskule. Folkehøgskulen har søkt kommunen om stønad for å kunne utvikle marknadsføring på nett, i brosjyrar og nye informasjonsmapper.

Løyvinga blei gjeve frå næringsfondet/kraftfondet.