Strandlinemøte i Kviteseid
– Menneskerettane er krenka dersom planlegginga av strandlina for Kviteseid sentrum blir fullført. Me som bur nedved vatnet og familiane våre misser naturen og utsikten me blir innestengde. Etter utsagn frå fylkeskonservatoren i 1977 er bryggeområdet verneverdig, og det bør kommunen ta hensyn til. Frode Torp Hansen var ein av dei mange som hadde kommentarar å kome med til planane for strandlina i Kviteseidby’n. Det var nærare 25 frammøtte på møtet i Kviteseid sist veke der planane for Kviteseid sentrum vart diskuterte.