Studietilbodet på Vest-Telemark vidaregåande skule
Vest-Telemark vidaregåande skule blei kåra til den beste i Telemark og den 5. beste i Noreg. Telemark fylkeskommune kan sole seg i kva dei har fått til der. Elektrolina er den beste studielina deira med 100% gjennomføringsgrad. Det er fantastisk når ein tenkjer på kva fråfall i vidaregåande skule kostar samfunnet. I langtidsplanen for Telemark fylkeskommune som fylkestinget skal handsame før sumaren er det sett opp eit mål under pkt. 7.3:«Alle elever skal gjennomføre videregående opplæring.» Det er eit bra og viktig mål. Då er det viktig å halde oppe opplæringstilbod som elevane ynskjer og som har høg gjennomføringsgrad. Skal ein nå eit mål, må ein legge til rette for måloppnåing. Elektrolina har hatt oversøking tidlegare år, og den har hatt fullt inntak med 15 elevar til 15 plassar kvart år sidan oppstarten i 2012. For skuleåret 2016/2017 år er det berre 7 søkjarar, mot 25 søkjarar sist år. Lågare søkjartal eitt einskild år er ikkje grunn til å leggje ned eit populært studietilbod i Vest-Telemark. Det er òg eit studietilbod næringslivet var med og starta opp, fordi næringslivet i Vest-Telemark treng desse lærlingane med denne kompetansen og arbeidskrafta. Ein talar om å byggje Telemark og vere eit Telemarkslag. Ja, då må syte for vekstvilkår for næringslivet i Vest-Telemark, og halde opp elektrolina. Det er viktig for elevar som ynskjer utdanning, for næringslivet i Vest-Telemark og for å nå målet til fylkeskommunen om gjennomføring av skuleløpet og bygge eit sterkt Telemark saman.
Jon Rikard Kleven,
Artikkelen held fram under annonsen.
ordførar i Vinje