Sundbø i Flatdal blir heit landbrukspolitisk potet
Etter at Seljord formannskap førre veke med tverrpolitisk 4-3-fleirtal tilrådde sal av den tidlegare fatiggarden Sundbø i Flatdal, ligg det til rette for eit landbrukspolitisk oppgjer i kommunestyret.
Vil det koste for mykje for ein ny eigar å ruste opp til påtenkt gardsdrift? Vil Sundbø samdrift måtte legge ned om dei misser forgrunnlaget frå snautt 100 mål Sundbø-areal? Dette var hovudspørsmål som delte formannskapet. Og spørsmålet var ikkje ja eller nei til hestesenter – men ja eller nei til sal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Blir det nei til sal, vil me i neste omgang drøfte korleis me vil nytte garden, slo ordførar Olaf Slaaen fast innleiingsvis. Slaaen sa seg usamd med rådmannen som gjekk inn for sal – særleg med tanke på å styrke jordbruksmiljø og busetnad i Flatdal.
(Alle VTB-abonnentar har tilgang til arkivet. Klikk på saka og registrer deg som digitalbrukar for å få tilgang.)