Svar til Olav Sjerve

I VTB 16. juni kritiserar Olav Sjerve arbeidet Seljord kommune har gjort så langt med kommunesamanslåing i Vest-Telemark. Han skriv: «Seljord bør nok stille med eit meir kompetent mannskap dersom samanslåing av kommunane skal gje ein økonomisk målbar effekt.» Det er politikarane som skal bestemme om kommunen skal slå seg saman med andre kommunar eller ikkje, og prosessen er politisk, derfor må politikarar gjera denne jobben. Det er ordførar Jon Svartdal og opposisjonsleiar Trond Johnsen som er valde av kommunestyret til å forhandle fram eit utkast til avtale om samanslåing på vegne av Seljord kommune. Og ein ordførar er ordførar og opposisjonsleiar er opposisjonsleiar, same kor inkompetente dei måtte vera. Så blir det opp til dei nye kommunestyra våren 2016 å avgjera om avtalane er akseptable eller ikkje.

Olav Sjerve kritiserer at opposisjonsleiaren foreslo å legge den øvste administrasjonssenteret og ordførar til Kviteseid. Sidan Nissedal er med i dette prosjektet, ville det vera utopisk å tru at heile administrasjonen i ein ny kommune med slike avstandar kunne leggast til Seljord. Seljord får sin del, men dersom ingen vil gje frå seg noko blir det ikkje nokon avtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og ordføraren held fast på at ingen kjem til å miste jobben, fordi alle dei tre kommunane får behalde dei såkalla småkommunetilskota som dei får i dag i 15 år etter samanslåing, for sidan å bli fasa ut over dei neste 5 åra. Men når nokon sluttar i ein jobb i den nye kommunen, (mange blir pensjonistar mellom 2020 og 2035), vil det bli vurdert om jobben skal bli lyst ut eller forsvinne. Og dessutan vil kommunane få nye oppgåver som det fylgjer pengar og fleire stillingar med. Den økonomiske gevinsten kan såleis bli vriden å måle, men i dag er det ein del administrativt tredobbelt arbeid som vil bli gjort ein gong etter samanslåing. Og det vil bli større fagmiljø med høve til spesialisering og auke av kompetanse og såleis betre saksbehandling og administrativ tenesteyting. Det blir neppe eigedomsskatt om Seljord slår seg saman med Kviteseid og Nissedal, men dersom vi går mot Midt-Telemark blir det nok det etter kvart, dersom ikkje denne skatten blir erstatta av ei betre ordning.

Beklagar Olav, men du kan ikkje ha fylgt med i media når du skriv: «Alle kommunane i Vest-Telemark bør ha som målsetting og samlast i ein kommune, til dette må det innhentast ekstern kompetanse.» Vinje, Tokke og Fyresdal har, til tross for Seljord sine iherdige invitasjonar, med sine kommunestyrevedtak for lengst bastant skote ned visjonen om å samle Vest-Telemark til ein kommune. Dei som framleis er villige til å greie ut ei eventuell samanslåing med Seljord er Kviteseid og Nissedal, og til dette arbeidet har vi knytt til oss svært god ekstern kompetanse frå det nasjonale forskingsinstituttet Telemarksforskning.

Det vil sjølvsagt bli ei innbyggarhøyring der alle kan få sei kva dei meiner om utkasta til avtalar om kommunesamanslåing. Det vil snart bli sendt ut ei brosjyre med informasjon, og det er oppretta ei nettside: kommunestrukturivesttelemark.no som vil bli oppdatert etter som prosessen går framover.

Til det siste avsnittet ditt Olav, ein ny større kommune må ha eitt namn, og om Seljord skulle opphøyre som kommunenamn, vil det alltid vera stadnamn, Seljord vil alltid vera heimbygda vår.

Trond Johnsen, opposisjonsleiar    

Jon Svartdal, ordførar