Tap for 7. divisjonslaga
Både Kviteseid/Høydalsmo og Åmdal/Tokke tapa torsdagens kampar. Fyrstnemnde reiste heimatt frå Heddal med 0-3-tap etter møtet med Heddal 2.
Åmdal/Tokke vitja Gvarv, og sluttresultatet blei 2-1 til heimelaget. Tarjei Solli skåra målet for bortelaget.