Teddy-shocks

Stemninga var høg då Teddy Nelson entra friluftsscena på Tokke Country Festival laurdag kveld, og den steig til nye høgder då den populære vestlendingen song kjente songar for eit engasjert publikum. Folk kosa seg på Dalen, ingen tvil om det. Artistane sytte for topp underhaldning, vergudane synte seg frå si beste side og tilskiparane hadde eit fast grep om det heile. Politiet hadde store styrkar på festivalpalssen men fekk etter høve lite å gjere, då det heile gjekk føre seg i rolege former. Arrangørane hadde nok håpa på meir enn dei 270.000 kronene som vart overskotspengar då reknestykket var gjort opp, men dei kan trøyste seg med kulturell storsuksess. 

Meir om Tokke Country Festivali arkivet her.