Til Hans Øy
Eg har forståing for at du ikkje føler stort behov for å betale eigedomskatt. Når du argumenterar med å fusjonere Kviteseid med ein kommune som har langt større utfordringar: nytt vassverk, reinseanlegg, fornying av kloakknett og truleg nytt administrasjonsbygg, samt at dei har meir enn dobbelt så stor kommunegjeld som oss, og at dei står i fare for å miste 8,6 millionar i årlege kraftinntekter (sjå TA 29/4-16), så må eg tillate meg å kalle løysinga di mykje kreativ !
Ein annan ting du bør merke deg er at Seljord ikkje har nokon tradisjon for å taka vare på utkantane sine (dersom du er i tvil, så snakk med ein åmotsdøl). Sett ifrå Seljord sentrum vil Vrådal vera ein utkant, mitt imellom Åmotsdal og Langlim på rangstigen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom du meiner at turismen er viktig for Vrådal, trur eg at skiheisen også er viktig for Vrådal, denne har motteke betydeleg støtte frå Kviteseid kommune. Pga klimaendringar og andre forhold, er det sannsynleg at denne kan trenge støtte også i framtida, eg har liten (ingen) tru på at ein ny kommune der Seljord har reint fleirtal, kan eller vil bidra her.
Til dømes: Seljord la ned skulen i Åmotsdal for å spare nokre 100 tusen. Same kommunen bruka nokre millionar på eit sjøorm-tårn. Min kompetanse på sjøormar er mangelfull, men eg trur at sjøormen held til nede i vatnet, og difor ikkje treng noko tårn? Eg trur også at det er fleire skuleungar i Åmotsdal enn det er sjøormar i Seljordsvatnet!
Som tidlegare statsminister Brundtland sa: bruk stemmeretten din, lat ikkje naboen (Seljord) bestemme for deg!
Venleg helsing
Olav Fjalestad