Tilbygg og paviljong

Nissedal formannskap har gjeve dispensasjon frå byggjeforbodet i eit landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) for oppføring av eit tilbygg og ein frittståande paviljong, slik Erling Tveitane søkjer om. Bygget som no er registrert i matrikkelen som fritidsbustad, blir endra til bygningskode utleigehytte.

Eksisterande bygg er på 91 kvadratmeter, medan tilbygget vil bli på rundt 31 kvadratmeter og paviljongen 24 kvadratmeter. Tiltaka ligg ved Tveitanevegen i Nordbygda i LNF-område der det er eit generelt byggjeforbod me unntak for bygg nytta i landbruksnæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygget til Tveitane er ein del av landbrukseigedomane i driftseininga hans.