Tilskot og låg leigepris

Nissedal formannskap ser det som viktig med vidare drift av Pipo leikeland i Treungen, og løyver 50.000 kroner til kjøp av konsept og utstyr.

Vilkår for løyvinga er at det blir oppretta eit selskap for å drive og utvikle Pipo vidare. Tilskotet vil gå til dette selskapet, som må inngå leigeavtale med kommunen om leige av lokomotivstallen og eventuell disponering av uteareal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen får fullmakt til å utarbeide leigeavtale, der leiga i ein oppstartfase på to år er 1000 kroner månaden.

Då Caroline og Roberto Soest avslutta drifta av Pipo sist haust, var leiga på 4000 kroner månaden. Marta og Jørgen Solberg, og systera til Marta, Kamila Kochalska og mannen vurderer å kjøpe leikelandet for 300 000 kroner. Kvartetten søkte om 100 000 kroner frå kommunen.

– Me har ikkje ei utømeleg lommebok, minna ordførar Halvor Homme (Ap) formannskapet om, og syntest det kunne vere ei god støtte å ha låg leigepris i to år i tillegg til tilskot på 50.000 kroner.

– Eg reknar med ei avgjerd i løpet av denne veka om me overtek drifta, seier Jørgen Solberg til VTB.