Publikum stilte trufast opp trass i at det var kaldt og snøvêr, og at tribunen er riven. No ventar supporterane på at snøhaugen der tribunen stod skal forsvinne, og at ein ny tribune skal koma på plass.

Tøffe tak i snøvêret

Vinjes herrelag i fotball tok imot Stathelle laurdag i det som ei stund såg ut til å bli ein spennande kamp. Gjestene frå sørlegare strok tok leiinga 1-0, men så starta snøen å drysse over Åmot stadion, og Vinje gjekk opp i leiinga då veteranane Tommy Lindskog og Øystein Eriksen skåra kvart sitt mål i kulda.

Men snøen var ikkje nok til å skremme sydtelemarkingane. I andre omgang rakna det litt for heimelaget, og bortelaget vann dei fleste duellane. Stathelle la på både eitt, to og tre mål til, og vann til slutt 4-2.