Tokke countryfestival i siget

Så er det endeleg slege fast at det vert countryfestival på Dalen i år òg. Etter at alle løyve er gjeve, er også artistlista langt på veg klar, og festivalkomitéen kan no konsentrere seg meir om det praktiske arbeidet rundt sjølve festivalen. Hovudkomitéen har hatt møte kvar 14. dag sidan fyre jol. Den er på 10 medlemmar, fordela på I.L. Tokke, Åmdal I.L., Raude Krossen og Ungdomslaget. (...)

Det er ikkje til å stikke under ein stol at diskusjonen om kva politiet har gjort/kan gjere under eit slikt arrangement, har vore ganske hissig. Men i år seier komitéen at dei reknar med å ha eit meir aktivt politi med seg under festivalen. Mellom anna vil det truleg bli bøter for flaskeknusing, det vart ymta om kan hende på 1000 kroner? Det gamle arrestlokalet i låven ved hotell Bandak er no jamna med jorda. Arrangørane vurderar difor no å gå under jorda med arrestantantane; det er kjellaren under gatekjøkenet til Tore Dahle som no vert vurdera som høveleg til den slags.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les meir om Tokke countryfestival i arkivet(ope for alle VTB-abonnentar og dagspass)