Tokke seier nei til Fyresdal
Kommunestyrets fleirtal med 11 mot 10 røyster sa tysdag nei til å gå vidare med intensjonsavtala med Fyresdal. Det avgjerande punktet blei organiseringa av næringsarbeidet.
Det har vore eit tydeleg krav frå Fyresdal si side at det skal etablerast eit eige næringsselskap i ein eventuell ny kommune. Det har frå Tokke kommune si side ikkje vore aktuelt å gå inn for dette. Og dermed blei det tunga på vektskåla då politikarane røysta over å halde fram med eller avslutte arbeidet med intensjonsavtala.
– Det har vore gode forhandlingar med vilje frå båe kommunar til å få til noko. No forstår eg at Fyresdal nærast stiller eit ultimatum om organiseringa av næringsarbeidet. Det kan verken me i Arbeidarpartiet og KrF godta. Me må ha ei endring på det om me skal gå vidare, sa Hilde Alice Vågslid (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho la elles til at det var mange område som Fyresdal og Tokke og andre kommunar kan samarbeide om i framtida.
Feil tidspunkt
Birgit Johanne Kovajord Olsnes (Sp) kom med framlegg om å stoppe det vidare arbeidet med avtala.
– Tida er ikkje rett, sa ho.
Olav Urbø (Sp) var samd med partifelle Olsnes.
– Senterpartiet er imot Sanners kommunereform, men ikkje nødvendigvis kommunesamanslåing. Sanninga er at norske kommunar har vore ein stor suksess i Europa. Reforma frå Sanner er ei sentraliserings- og innsparingsreform. Reforma blir ein fiasko, slo Urbø fast.
Thor Arne Heggtveit (Sp) meinte at det var feil retning å vende seg mot Fyresdal.
– Med E134 som ny stamveg blir det for meg feil å gå mot Fyresdal. Organiseringa av næringsarbeidet kan eg heller ikkje gå for, sa han.
Ordførar Jarand Felland (Sp) slo også fast at ultimatumet frå Fyresdal ikkje var mogleg å godta.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tida er ikkje mogen no, sa han.
– Me er nok samde om å seie nei, men det har noko med prosessen å gjere. Men kan tenkje oss å ha eit siste møte med Fyresdal for å sjå om me kan få dei til å endre meining om næringsarbeidet, sa Vågslid.
– Litt som ein sommarflørt altså. Du kan ikkje slå opp på telefon, men møte vedkomande andlet til andlet, sa Knut Kristian Vadder (Sp).
Framlegget frå Sp om å avslutte det vidare arbeidet fekk fleirtal med 11 mot 10 røyster. Ap og KrF ynskte eit siste møte med Fyresdal.