Tømra frå Vest-Telemark
Kven som hadde stilt radioen inn på Finnmarksendinga denne måndagen i oktober, er eg usikker på. Det kan vel vere like spennande å høyre på Finnmarksendinga som Tromssendinga, tenkte eg, å let være å byte kanal.
Brått høyrer eg ein telemarking der eg sit fordypa i facebook og frukost. Ein telemarking på Finnmarksendinga?
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva er tema? Jo, brent jords taktikk brukt i Finnmark under andre verdskrig.
Spennande tenker eg, legg frå meg nettbrettet og lyer.
Her dreiar det seg om familien Strøm i Alta som blei tvangsevakuert av den tyske Wehrmacht frå heimen sin i Alta, på slutten av andre verdskrig.
Tyskarane var sikre på at russerane kom etter dei, derfor bruka tyskarane brent jords taktikk, då dei trekte seg ut av Finnmark. Dette førte til at store delar av Finnmark vart brent ned, deriblant Alta.
«Vi er på Aroneset i Alta», innleier Åsulv Edland i intervju med Inger Strøm. Intervjuet er fra 1974.
«Her er det no mange fine hus. Men alt blei vel svidd av her under krigen? Eller var det ikkje slik Inger Strøm?»
«Jo da, det var bare kirka som sto igjen. Da vi reiste var alt i lys lue langs Altafjorden så langt vi kunne se. Vi reiste med en stor tysk båt til Tromsø, der ble vi noen dager. Så ble vi sendt videre sydover til Trondhjem, der vi ble innkvartert i en kirke. Der ble det sånn at alle måtte forsøke å finne plass hos kjentfolk. Vi hadde ikke så mange kjent folk sydpå. Så fant vi ut at vi skulle sende telegram til Telemark, til en Olav Gardsteig.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Olav Gardsteig, dette blir meir og meir spennande. Olav Gardsteig i Alta under krigen? Det finns tre Olav Gardsteig som er aktuelle, fars søskenbarn, min bestefar eller onkel …
Inger fortel «Vi kjente han fra under krigen. Han vart tvangsendt av tyskerne nordover på skogsarbeid. Han gikk hos oss hver dag, den tid han var i Alta. Han var i Alta flere måneder, så vi ble godt kjent. Vi fikk telegram tilbake, og vi kunne bare komme. Det gikk en fire, fem uker enda, før vi var i Edland. Det gikk nå fint, vi var i bra form. Ja, ja noen kilo hadde vi nok tatt av oss på turen», ler Inger. «Vi blei no godt mottatt på Gardsteig. Så bodde vi der i haltannet år.»
«Så reiste dere tilbake til Alta?»
«Ja, da reiste vi tilbake til Alta, og her var det ikke noen ting. Vi fikk et innsmett i en liten kåk».
«Ingen hus?» spør Åsulv.
«Nei, det var ingen ting å komme tilbake til, ingen kopper, kar eller hus. Vi hadde et krus som vi hadde med oss hele tiden, det var alt. Noen hadde gjemt bort noe, men fant lite igjen når de kom tilbake. Det var vanskelig den første tiden - folk trivdes nu, de var glad de var tilbake» sier Inger. «Så ble det satt opp små fjøs, så man fikk plass til en ku. Så fikk jo vi det here huset. Så vi, fikk hus den første vinteren.»
«Eit hus som dere fikk i Vinje?»
«Ja vi fikk hus i Vinje, det kom oppover og vi fikk satt det opp første vinteren. Alt annet var bare provisorisk oppsatte Innsmett. Innsmetta sto inntil de fikk ordnet material, og bygd skikkelige hus. Det var vanskelig med material og de første Innsmetta, ble satt opp av material samlet på flyplassen».
Artikkelen held fram under annonsen.
I Wikipedia les eg at mange hus blei bygd av plankar dei fann på Alta flyplass. Flyplassen vart bygd av tyskerane under krigen. Flystripa på Alta flyplass var bygd av plankar. Plankane var gjennombora mange plassar, dette for å drenere vatn frå flystripa. Det blei laga pluggar for å tette tømmeret og Innsmett ble bygd. Det vart og bygd hus av dette tømmeret, og ein kan fortsatt sjå gamle hus som er bygd av desse karakteristiske gjennombora plankane, som er tetta med trepluggar.
Hus i frå Vinje, kva er dette? Eg sender melding på facebook til Åsulv Edland og spør om han hugsar intervjuet?
Det gjer han, og fortel at han var reporter i NRK Finnmark i 1975-76. Dette intervjuet vart gjort i 1974, ifølge radio Finnmark. Åsulv Edland legg ut ein avisartikkel på facebook frå 1966, der familien Strøm vitjar Telemark. Då spesielt Gardsteig, Tveiten og Haukeli.
«Vi var blant dei heldigstilte» seier Egil Strøm i avisartikkelen. «Vi fikk nemlig med oss hus fra Vinje. Vinje bonde- og småbrukarlag gav oss eit hus. Det var eit hus av rundt tømmer som kom til Alta, 14 dager etter at me kom tilbake. Me reiste frå Edland 19 juni 1946, me kom til ein avsvidd heim. Heile bygda Alta var lagd i ruiner, som resten av Finnmark.»
Åsulv fortel at Vinje bonde- og småbrukarlag hadde bygd ei tømre som skulle loddast ut. Denne tømra vart heimen, for familien Strøm då dei kom tilbake til eit nedbrent Alta.
Da var det bare for meg, å finne ut om denne familien framleis var i Alta, og om tømra framleis sto.
Frå artikkelen fann eg ut at dottera heitte Bodil Strøm. Eg fant ei Bodil Strøm Jørgensen, Alta. Etter ein rask risikovurdering slo eg fast at det kan ikkje vere mange med det namnet i Alta. Eg slo på tråen, presenterte meg veldig tydeleg som Anne Gardsteig, og lytta spent etter ein reaksjon. Det vart veldig stille.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Skjønnar du kvifor eg ringer»? spør eg.
«Ja, æ hørte Gardsteig.»
Vi fikk ei interessant samtale. Bodil vart født rett etter krigen. Eldstebroren Einar som var med foreldra i Edland under krigen, døydde i 2005. Yngste broren Ulf bur framleis i tømra frå Vest-Telemark.
Bodil Strøm trudde ikkje det var ved trekning dei hadde fått huset. Ho meinte at Halldis Moren Vesaas hadde påverka Vinje bonde- og småbrukarlag, og resultatet blei at familien Strøm fekk dette staselege huset i tømmer.
Viss det ikkje var ved utlodding det vart avgjort kven som skulle ha huset, så var det nok eit vanskeleg val å ta. Kven trengte huset mest? Kanskje fekk dei hjelp av Haldis Moren Vesaas til å prioritere?
Og korleis kom huset nordover? Via riksveg 1/vassvegen? Å få huset frå Vinje til Alta på denne tid, måtte vera ein krevjande jobb. Korleis det gikk for seg, det hadde vært moro å visst.
Olav L Gardsteig som vart tvangsendt til Alta av tyskarane, og seinare hjelpte familien Strøm i ei krevjande tid, var søskenbarnet til far.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har frå før høyrt at det skal står ei telemarkslafte i Alta, men at det var ein slik fantastisk historie bak, ante eg ikkje.