Utbygging av Grimdalstunet kan bli realisert
Anne Grimdalens stiftelse som omfattar skulptursamlinga og skulpturhuset, eller rettare sagt Grimdalstunet kan ta ein monaleg arealtilvekst om formannskap og kommunestyre knyter seg til rådmannens framlegg om å kjøpe eigedomane Grimdalen og Gausbu på tiisaman vel 1.100 da. Desse eigedomane er det Olav Grimdalen som i dag eig, men har no bydd dei fram for kommunen.
Det har heilt sidan 1978 vore arbeidd med utviding av Grimdalstunet og i den seinare tida har Olav Grimdalen, bror til Anne, arbeidd mest med saka.
Artikkelen held fram under annonsen.