Valets siste røyst i urna
På slaget åtte fall den siste røystesetelen for kommunestyre- og fylkestingvalet ned i urna inne i Gamlesalen på Granvin i Seljord.
Talet på valkrinsar i Seljord kommune har blitt redusert med åra. I år 2000 var det til dømes høve til å røyste i åtte valkrinsar: Vefall-Brekke, på Garvik, i Flatdal, Åmotsdal, Mandal, Langlim, Nordbygdi og i Seljord sentrum.
I 2006 blei talet på valkrinsar redusert til seks, og Mandal og Nordbygdi mista røystelokala sine.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2011 blei det vedteke ei ny redusering, og valkrinsane blei gjort om til dei tre krinsane som tok i mot veljarane til dette kommune- og fylkestingvalet.
Godt besøk
I Åmotsdal stengde røystelokala ein og ein halv time før sentrum, medan i Flatdal stengde urna ein time før røystelokala på Granvin.
Åse Venås i røystestyret i Seljord fortel om godt besøk heile dagen ved valet i sentrum, og på slaget åtte stenger ho og resten av røystestyret vallokalet og tar med urnene til kommunehuset der teljekorpset sit klart.
Godt i rute
– Røystene frå Åmotsdal er talt opp, me går i gang med setlane frå Flatdal nå, fortel Janne Torjusrød i Seljord kommune. Ho meiner dei er godt i rute.
Røystene frå Seljord blir lyfta ut av urnene og Halgeir Brekke, Kåre Groven og Gøril Haugstøl tar imot setlane og legg dei fint i bunker. Eit teljekorps held fram med å grovtelje talet på røyster som kjem inn før bunkane går inn til Torjusrød og kollegaer som tar seg av den digitale registreringa av røystene.