Venstre ute av kommunestyret i Seljord
Seljord Venstre fekk berre 1,6 prosent av stemmene i Seljord, og er ute av kommunestyret.– Dette var ikkje overraskande, seier Svein Forberg Liane, 2. kandidat for Seljord Venstre.
– Engasjementet har ikkje vore stort i gruppa, og me hadde ikkje stilt liste om ikkje fylkeslaget hadde skaffa oss ei som ville stå øvst på lista, seier Liane etter at valresultatet var klart.
– Det var jo flott at nokon ville stille, men resultatet ber preg av det låge engasjementet. Me har ikkje profilert oss i valkampen i det heile.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fornøgd med Sp
Liane seier at litt av problemet har vore å ha ein klar profil.
– MDG, Senterparitet og Høyre har hatt klare profilar, medan korkje Venstre eller Arbeidarpartiet har klart å markere seg, legg Liane som er fornøgd med at Senterpartiet har gått så mykje fram.
– Dei har ein annan politikk enn vår, men mellom personane har det vore eit godt samarbeid.