Vest-Telemark bilruter satsar stort

No skal passasjerane med Vest-Telemark Bilruter bli plassert bokstaveleg tala i høgsetet. Det er særleg folk som skal reise på dei lengste strekningane i VTBs store rutenett som kan nytte seg av dei nyaste tilvekstane, to flotte bussar i luksusklassen som tilsaman har kosta selskapet den nette summen av 2,7 millionar kroner.

– No skal passasjerane med våre bussar prioriterast, seier disponent Kjell Gunnar Heggenes. Det skal vera ei positiv oppleving å køyre med oss, og då siktar eg ikkje berre til våre nye bussane, sjølv om dei er også ein lekk i dette. Dei nye bussane heiter noko så fint som Scania K 112 Classic, og er utstyrt med alt det både sjåførar og passasjerar kan ønskje seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les meir frå VTB 14. mai 1987 i arkivet her.(Ope for alle VTB-abonnentar og dagspass)