Vestfold ser mot Telemark og Buskerud
Fylkestinget i Vestfold vedtok før helga ei eventuell samanslåing med Telemark og Buskerud som deira fyrsteval i regionreforma. Men samstundes held dei ei open dør for å forhandle vidare med Buskerud, Akershus og Østfold i det som eventuelt blir ein ny storregion.
– Me ser fram til å fortsetje den gode dialogen, seier fylkesordføraren i Telemark, Sven Tore Løkslid.