Vil betale 50 000 kroner kvar 14. dag for å unngå hotellkonkurs
Om skatteoppkrevjaren seier ja kan Morgedal hotell, og eigar Halstein Sjølie, unngå konkurs ved å delbetale restbeløpet på nesten ein halv million skattekroner. – Me har heile tida vore innstilt på å gjere opp for oss, seier hotelleigaren.
Morgedal hotell drift AS, ved eigar Halstein Sjølie møtte i tingretten i Kviteseid 26. august fordi selskapet han eig skulda skatteetaten pengar, og det var reist krav om konkurs. På grunn av mellombelse betalingsproblem, bad Sjølie om ei utsetjing av kravet om å bli slått konkurs. Rett før dette rettsmøtet hadde selskapet betalt inn 1 412 000 kroner, og restkravet frå skattemyndigheitene var 1,2 millionar kroner.
Tysdag møtte Sjølie skatteetaten i retten på ny.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den saksøkte har gjort veldig mykje og delar av kravet er no betalt inn, men det står framleis att eit krav om 481 493 kroner eksklusiv renter, orienterte Rune Gudmundsen frå Skatteetaten i Telemark i Vest-Telemark tingrett tysdag.
Nedbetalingsplan
Gudmundsen fortalde vidare at Skatteetaten hadde motteke ein søknad om ein nedbetalingsavtale frå Sjølie der restbeløpet blir innfridd med 50 000 kroner kvar 14. dag.
– På grunn av beløpets storleik må Skatteetaten ta stilling til søknaden, og skatteoppkrevjaren svarar meg på melding nå at dei vil ha behandla søknaden innan ei veke. Dei seier dei er positivt innstilt til ei slik løysing, men må ha meir tid til behandlinga. Kravet vil bli trekt dersom søknaden blir innvilga, uttala Gudmundsen i retten.
Rettens dommar, Dag Bjørvik, godtok nok ei utsetjing av saka, og kallar inn til nytt rettsmøte torsdag 26. september.
– Me har heile tida vore innstilt på å gjere opp for oss, men på grunn av sjukdom i nær familie har ting vore vanskeleg, seier Sjølie som meiner at framtidsutsiktene til Morgedal hotell er gode.
20 på lønningslista
Sjølie seier at dei har om lag ti tilsette i full stilling, og ti tilsette i deltidsstillingar ved hotellet i Morgedal. Driftsåret så langt har vore svært bra, og eigaren seier at hotellet har hatt ein samla vekst på 62 prosent i 2019.
– Me har om lag 20 namn på lønningslistene, kjempeflinke medarbeidarar som gjer ein kjempeinnsats for hotellet, seier han og meiner at opprustinga av hotellet er vel bruka pengar.
– Den omfattande opprustinga som er gjort ved hotellet, er gjort fordi me ynskjer at Morgedal hotell skal vere ein hyggeleg stad å vere. Hotellet skal ha trygge arbeidsplassar, og vere ein positiv faktor i Morgedal-samfunnet. Og det synest eg me har lukkast med, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølie stadfestar at sjølv om den økonomiske stoda er som den er akkurat no, skal dei tilsette få løn og vere sikra arbeidsplassane i tida som kjem.
– Me har hatt eit kjempebra driftsår. Både juni og juli månad viste 80 prosent auke samanlikna med i fjor. Me skulle gjerne unngått å kome i denne situasjonen, men ambisjonen framover er å drive Morgedal vidare som eit hyggeleg hotell, seier Sjølie.
tone.tveit@vtb.no