Vil leggje ned jordbruksfond
Kommunestyret i Kviteseid vedtok torsdag å søkje om å avvikle Tor Vaa sitt jorddyrkingsfond. I vedtektene, vedteke av kommunestyret 8. mai 2003, står det at jordyrkingsfondet har som føremål å fremje jordbruk og nydyrking i kommunen.
Kommunestyret set i kvar periode ned ei nemnd som skal kome med framlegg om ytingar av tilskot og premiering, og som har ansvaret for drifta av fondet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I saksutgreiinga ser rådmannen på to ulike løysingar for fondet i framtida.
– Anten må ein endre vedtektene slik at premien blir delt ut kvart fjerde år, eller avvikle fondet. Avkastinga av fondet er med dagens rente svært låg. I tillegg skal grunnkapitalen auke med minimum ein femdel av avkastinga. Dette tyder at verdien av premien vil bli lågare jo lengre tid fondet eksisterer, skriv rådmannen.
Restbeløpet, som er på 197 000 kroner, kan bli delt ut til fleire jordbrukarar som dei siste 4–5 åra har gjort ein innsats innanfor framtidsretta jordbruk, eller til jordbrukarar som står framom store investeringar innanfor same område.
Kommunestyret vedtok også at det skal bli delt ut eit diplom, og at det er dei sjølve som gjer endeleg vedtak på fordelinga, etter innstilling frå hovudutvalet for samfunnsutvikling og teknisk drift.
Hovudutvalet har tidlegare handsama saka, og gjekk samrøystes inn for rådmannens tilråding.
I kommunestyremøtet torsdag kom Senterpartiet med framlegg der dei ynskte å behalde jorddyrkingsfondet, men at dei kunne endre vedtektene slik at det blei betre tilpassa dagens drift. Framlegget frå Senterpartiet fall med 8 mot 13 røyster.