Vinbyggane nyttar seg flittig av Vinjehuset
Stormannsgalskap, idioti, meiningslaust, var mellom anna kommentarane då Vinje kommune vedtok å byggje det gedigne Vinjehuset. Huset er no teke i bruk, om det ikkje er for lite, så er det iallfall oppteke kvar einaste kveld, og oppgangen av folk den kvelden me var der minna om reine folkevandringa. Symje og idrottshallen har hittil vore mest populær, og førre onsdagskveld, var det ikkje mindre enn 190 personar i bassenget, men det var like mange då me var der.