Ungdom til landsskyttarstemnet: Sigrid Neset (t.v.) og Anbjørg Rorge Tjønn skal delta på landsskyttarstemnet for fyrste gong.
Åshild Emma Solbjør
Anbjørg og Sigrid er debutantar: – Det gjeld å time pusten, og å hugse alt
– Ein ligg stødigast når ein tømmer lungene for luft. Men så skal ein trekke roleg av også, før ein må trekke pusten att, forklarar Sigrid Neset (14).
Høgt oppe i lia i Raulandsgrend står ei fullpakka campingvogn klar; snart skal den rulle i veg mot Voss. Der skaI Sigrid delta på landsskyttarstemnet for fyrste gong, og det same gjeld reisefølge Anbjørg Rorge Tjønn. Men fyrst tek dei seg tid til ein prat med VTB ute i solveggen.
– I konkurransen må me klare alt heilt sjølve, det er kanskje det som er mest utfordrande, forklarar dei to 14-åringane.
I eit lite hus ved standplass skal dei fyrst få på seg alt utstyret – jakke, reim, hanske, caps – og sjølvsagt børsa. Så er det inn på standplass, finne plassen sin, legge seg ned, gjere klar magasina, få reima på børsa og få lagt seg i ei god stilling.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP