Frå arkivet: Denne saka blei fyrste gong publisert 8. mai 2021

Krigshelt: Milli Skrede - ukjent krigshelt frå Dalen.

Den ukjente krigshelten frå Tokke, Milli Skrede

Milli Skrede fortener heider og respekt for jobben ho gjorde desse dramatiske dagane. Ei uredd, modig og myndig kvinne, som redda mange liv på Dalen.

Publisert Sist oppdatert

Krigen kom til Norge 9. april 1940. Det tar ikkje mange dagane før Vinje og Tokke blir staden for harde kampar mellom norske og tyske styrkar. Secondløytnant Thor O. Hannevig kom 14. april 1940 til Vinjesvingen, han var klar for å reise motstand. Ungdomar frå mellom anna Notodden, Grenland, Agder fylka, Oslo, Vestfold, Bergen kom til Vinjesvingen og var klare for å ta opp kampen. Lokale ungdomar meldte seg og til Thor O. Hannevig, men det var mest folk frå andre stader. Totalt var det mellom 300 og 400 mann som meldte seg i Vinjesvingen, men det var truleg ikkje meir enn 200 mann på same tid.

Den 27. april 1940 vart det kamp ved Jønnbrua i Åmot der seks tyskarar fall og over tjuge vart fanga. Den 3. mai 1940 kom det mange tyske lastebilar og motorsyklar køyrande frå Dalen oppover mot Åmot. Norske styrkar låg og venta på dei ved Liosvingen. Dei tyske styrkane vart overrumpla og mange fall i denne kampen, talet på døde tyske soldatar er uvisst. Alle norske soldatane klarte seg. Den 4. mai 1940 vart det kamp ved Leirlid bru i Åmot mellom norske og tyske styrkar, der fem tyske soldatar fall. Same dagen var det og ei trefning på Urdli ved Vamark der ein tysk soldat falt.

Ungjente: Milli som ungjente i Tyskland.

Jenta frå Tyskland som møtte kjærleiken på Dalen

Den 22 mars 1897 vart det fødd ei jente i Bremen, Tyskland som fekk namnet Emilie (Milli) Wilhelmine Centenarie Nagel. Milli og nokre venninner kom til Dalen, der jentene fekk sommarjobb på hotellet, litt før 1920. Milli møtte ein lokal mann på Dalen, som heitte Gustav Skrede. Mogleg ho hadde blitt kjent med Gustav, då han tok si urmakarutdanning i Tyskland. Møtet mellom dei to førte til ein romanse, seinare gifte dei seg og busette seg sentralt på Dalen.

I første etasje i heimen deira var urmakarforretninga, i andre etasje budde familien Skrede. Barna kom og etter nokre år var det fire i syskenflokken.

Milli var dyktig i forskjellige typar handverk og ho vart oppfatta som eit eksotisk innslag i lokalmiljøet. Rui-jentene var ofte på besøk hos Milli.

Arrestert: Nordigard på Dalen der tyskarane hadde tilhaldsstad. Minst tolv lokale menn vart arrestert og ført hit av tyske soldatar.

Lokale menn arrestert

Tyske soldatar var klare for å utføre hemnaksjon mot lokalbefolkninga i Tokke etter kampen ved Liosvingen 3. mai 1940, der dei meinte at sivile hadde vore med. Soldatane gjekk frå hus til hus på Dalen i firetida om morgonen etter kampen. Tyskarane henta ut minst tolv lokale menn frå heimane sine og førte dei ned til garden Nordigard, som ligg i sentrum av Dalen.

Ein av desse lokale mennene var nygifte Olav Haugsevje på 37 år. Kona Ragna var frå garden Nordigard. Herfinn Haugsevje som er son til Olav og Ragna fortel at foreldra snakka om denne hendinga då han voks opp. Herfinn tenker at det måtte vera ei utruleg tøff påkjenning for alle. Mennene vart bli stilt opp på ei rekke, annankvar mann skulle bli avretta. Olav Haugo fortel at dette skjedde på skulen. Dette blir i dag kalla Soknehuset og er nesten rett over vegen for Nordigard. Faren Olav Haugsevje fekk hekte av seg sølvkniven og gje til kona si Ragna. Han hadde og hatt ein jobb som snikkar i Grenland og hadde kr 1000 i lommeboka, som han rakk å gje kona.

Utanfor forretninga: Milli, Gustav, Oddvar og Knut Skrede.
Ektepar: Milli og Gustav Skrede.

Tyskarane treng tolk

Då tyskarane kom til Dalen hadde dei Dalen hotell som hovudkvarter våren 1940. Dei nytta og Bandak hotel.

I tillegg bruka dei garden Nordigard, mellom anna som til å forhøyre fangar. Tyskarane hadde høyrt at Milli Skrede, kona til urmakaren, var frå Tyskland. Ho kunne vera nyttig for dei, som tolk under forhøyr. Tyskarane henta inn Milli for at ho skulle tolke.

Tolken Milli gjer ein heltegjerning

Barnebarnet Emilie Jensen fortel at ekteparet Milli og Gustav Skrede hadde høyrt at tyske soldatar skulle kome å hente begge to. Dette var svært skremmande og mor til Emilie har fortalt at ho fann foreldra på kne ved senga der dei låg og bad. Begge to visste at dei kom til å bli henta inn av tyske soldatar. Synet gjorde ei sterkt inntrykk på barna og brente seg fast i minnet.

Milli tok heilt avstand frå den tyske invasjonen. Men ho hadde ikkje noko val, men måtte vera med og tolke under forhøyra.

Dei tolv lokale fangane på Dalen, som vart tatt til fange natta etter kampen ved Liosvingen vart plasserte i stova på garden Nordigard. Den tyske løytnanten hadde planen klar. Fleire av mennene skulle skytast for å skape frykt i samfunnet og dermed hindre nye norske aksjonar mot den framande makta. Fangane vart ført bort til skulen (der Soknehuset nå står) og stilt opp på ei rekke. Annan kvar mann skulle avrettast.

Minnestøtta ved Liosvingen til minne om kampen 3. mai 1940.

Urmakarforretninga til Gustav Skrede der heile familien budde, låg like i nærleiken av Nordigard. Milli fekk høyre kva som var i ferd med å skje i nabolaget. Milli reiste då direkte til den tyske løytnanten som hadde kommandoen og med sine gode argument og modige framferd fekk ho overtalt han til å avstå frå represaliar og spare liva til desse gislane. Dette var ein heltedåd, som ikkje vart gløymt av bygdefolket.

Herfinn Haugsevje fortel til Varden 23.11.18 at Milli etter krigen fekk heltestatus blant folka på Dalen. Mange eldre kjente soga, men blant yngre generasjonar er hendinga lite kjent. Dei fleste her oppe i Tokke kjenner ikkje til historia om Milli og innsatsen hennar. Etter krigen skamma Milli seg over framferda til folket sitt, og ville ikkje lengre snakke tysk.

Krigshelten Milli Skrede har nå endeleg fått historia si opp på Z-museum i Treungen og på Forsvarsmuseumet i Åmot. Historia må ikkje bli borte. Milli Skrede fortener heider og respekt for jobben ho gjorde på Dalen desse dramatiske dagane. Ei uredd, modig og myndig kvinne, som redda mange liv på Dalen. Krigshelten Milli Skrede døydde svartjoleftan 1971, nær 75 år gamal.

Ektepar: Milli og Gustav Skrede utanfor heimen/forretninga på Dalen.

Skriftlege kjelder

«Vinjesvingen» av Hans P. Lødrup.

Varden, 23.11.18.

Tokke historielag årsskrift 1985 og 1980.

«Dalen Hotel» av S.L. Brattekås.

«Da krigen kom til Vest Telemark» av Torgrim Otterholt i årsskriftet frå Tokke historielag av 2015.

Munnlege kjelder:

Kjell Skrede, Emilie Jensen, Herfinn Haugsevje og Olav Haugo.

Powered by Labrador CMS