Me ser eit foto med presten Ernst Orstad og alle konfirmantane etter messa på trappa utanfor Kviteseid kyrkje. Her er og med dei som vart konfirmert i Brunkeberg kyrkje same året. 1. rekkje frå venstre: Anne Holte, Ingrid Larsen, Kari Herrefoss, Anne Grete Opheim, Reidun VEsterdal, Ingebjørg Finnkåsi, Gunda Lundeberg. 2. rekkje frå venstre: Margit Kilen, Kristiane Midtsund, Ingebjørg Meinstad, Alf Lundeberg, Tore Resen M. Utbøen, Magne Storkås. 3. rekkje frå venstre: Ingrid Eilefsen, Kari Lundeberg, Trygve Brekke, Ingebjørg Kallåk, Kjell Selnad, Andreas Løyte, Ragnar Midtsund. 4. rekkje frå vesntre: Arvid Aslak Syftestad, Gunnar Holte og Ernst Orstad.
Denne historia handlar om presten Ernst Orstad (1914–1984)
Me kjente Ernst Orstad som den hyggelege, humørfylte og snille presten – alltid med eit smil på lur.
Orstad kom til Kviteseid i 1947 og var prest her saman med prest Olav Bjørgum. Bjørgum hadde vore prest i Kviteseid frå 1937 og Ernst Orstad vart tilsett med ein tittel som hjelpeprest. Han var prest i Kviteseid i vel 12 år. Deretter prest i Hurum 10 år fram til pensjonsalderen 14 år i Ramnes.
Konfirmasjon i 1952
Personleg vart eg kjent med presten Ernst Orstad i 1952. Me var mange i Kviteseid som skulle konfirmerast dette året. Alle var me født i 1937 eller 1938. Sjølv var eg født i slutten av 1938. Heile vinteren 52 hadde me førebuingar til den store dagen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP