Glad: Turte er glad for snøen.

Desember: «Anja på dyreklinikken kunne roe meg med at det ikkje var alvorleg. Å starte Femundløpet utan Turte vil vere eit stort nederlag»

Det vart ein glatt og isete start på julemånaden, eit velkjent fenomen denne vinteren. Då femte desember kom, vart det endeleg sledeføre, markert med «SLEDE!!!» i treningskalenderen. Det vi har venta på så lenge no.

Plutseleg ligg heile heia for våre føter, eller rettare sagt potar, og turmoglegheitene blir med eitt mykje større. Den første turen på heia vart vel kanskje ikkje ein suksess i antal mil å rekne, sjølv om det starta optimistisk med lyslenkje på sleden og nisseskjerf på hundane. Med snøvêr og dårleg sikt vart det full krangel mellom slede og bjørkekratt i timevis, fordi eg tok feil retning i eit myrdrag. Å dra same veg tilbake, som hadde vore det beste, freista lite – og eg hadde jo trass alt eit mål på kartet. Lyslenkja overlevde den første timen, før ho takka for seg då sleden stagnerte i ein busk. Hundane måtte sleppast laus, og eg vart gåande å dra på sleden bak meg. Det vart for tett for hundane å navigere seg gjennom med slede og meg på slep. Eg drøymde søtt om å hive ut den 15 kilos tørrfôrsekken og alt anna makkverk eg hadde oppi som vekt. Vi kom oss dit vi skulle, hundane fekk plass i spannet igjen, og vi kunne køyre heimover til slutt. Men ein noko unødvendig baksete start på sledesesongen der altså, berre meg sjølv å takke for det.

Ingrid ladar opp til Femundløpet

Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid Skålid Amundsen i Fyresdal halde lesarane i VTB oppdaterte på førebuingane til Femundløpet i 2025.

Ho byrja med hundekøyring i 2014. Ho køyrde Femundløpet (450 km) i 2019 og 2023, og Finnmarkløpet (600 km) i 2020.

Femundløpet er eit sledehundeløp som har vorte arrangert kvart år på Røros sidan 1991, vanlegvis ei av dei første helgene i februar. Løpet har i dag fire ulike klassar; ein juniorklasse med maks seks hundar framfor sleden, ein 200- og ein 450-kilometerklasse med åtte hundar, og klassen på 650 kilometer med 12 hundar. I 2025 har Femundløpet VM-status, som vil seie at alle som startar Femundløpet er med i VM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre dagar seinare var både sinnet og forholda lysare. Turen gjekk til Grønfjell, ein av toppane før Øysteinsfjell. Her kamperte vi i solnedgangen, hundane på kvar sin seng av høystrå og eg på reinsfellen framfor bålet. Ei herleg stadfesting på kvifor det er verdt å bakse med snø og eigen sveitte i Vest-Telemark sitt karakteristiske terreng, som er alt anna enn flatt. Utsikta der oppe i høgda er uslåeleg. Vi laga oss eit eige lite «sjekkpunkt» der oppe sidan det var vindstille og vakkert, og vende ikkje snutane heimover før det var mørkt. Sledeturane og dei viktige mila kunne kome på løpande band no, berre å vite det var ei lette. Det førte til ein tur opp til Øysteinsfjell eit par dagar seinare. Snøen hadde rukke å bli kram i mildvêret som kom sigande, men sjølv ikkje sterk kuling på toppen og kram snø kunne setje kjeppar i sledemeiane for å skrive i den boka på toppen. Det vart berre eit skurrete bilete frå toppen på kamerarullen. Å gi hundane erfaring med vêr og vind, opne bekker eller utfordrande terreng, er god trening – så lenge dei kjem ut av det med meistringsfølelse og ikkje redsle.

Veka etter var hundane tilbake framfor bilen. Vinteren som hadde ynskt oss velkomen for berre ei vekes tid sidan, hadde pakka med seg fillene og reist igjen. Langturane måtte likevel gjennomførast, og det vart nokre velkjente timar bak rattet på vegar hundane no kjenner kvar millimeter av. Eg tek kvar einaste skade på hundane tungt, og går alltid litt i kjellaren når eg ser at ikkje alle fyk rundt og er i form etter ei treningsøkt. Det er ei ærleg sak at det er forskjell på kor viktige dei enkelte hundane er for spannet, når ein som meg ikkje klarer å selektere hundar, noko ein er heilt nøydd til om ein skal hevde seg i toppen. Kor viktige dei er, kan avhenge av hundane sine tidlegare løpserfaringar, om dei er leiarhundar, kor godt dei et, om dei har vore heilt skadefrie – lista er lang. Turte, ein av dei viktigaste leiarhundane mine, halta på eit frambein etter ein av langturane. Typisk for dette er sårt handledd eller skulderskade på motsett side. Anja på Fyresdal Dyreklinikk kunne roe meg med at det ikkje var alvorleg. Å starte Femundløpet utan Turte vil vere eit stort nederlag, og det vil svekke spannet betydeleg, sjølv om det blir sagt at nye stjerner vil skine når du blir tvungen til å setje den beste leiarhunden igjen heime.

Les også
November. «Bortsett frå at dei fire yngste hundane heller ville bite i stykker dekken enn å ha det på seg, og at me hadde gløymt kaffikoppar, var det ein fin tur for to- og firbeinte»
Les også
Oktober: «Denne månaden har vore litt utfordrande på fleire måtar»
Les også
September: «Nordlyset dansa over oss. Det var magisk»
Les også
Gjennom hausten og vinteren vil Ingrid halde lesarane oppdaterte på førebuingane til Femundløpet

Første juledag reiste eg av barnleg trass på heia med dei andre hundane og slede. Vi køyrde rett nok slede, men meir på lyng og is enn på snø. Heldigvis luskra januar rundt hjørnet, og ein ny liten vinter var på veg til oss.

Stemning: Flokken i jolestemning.