Det eventyrlege hotellet har vore gjesta av kongelege og adelege frå heile verda

For litt over hundre år sidan var det 200 000 reisande på Telemarkskanalen. Den blei skildra som det åttande underverk og trekte til seg reisande rikfolk frå heile verda. Ved enden av Bandak blei det bygd eit hotell med det finaste kjøkkenet – og med internasjonalt personale.

Publisert Sist oppdatert

Inst i kvinnesalongen på Dalen Hotel med utsikt mot hagen sit Filip Åbom (39). Han kjem frå Gotland i Sverige, men har vore hotelldirektør på Dalen Hotel dei tre siste åra. For nokre er Dalen kanskje ein ubetydeleg stad, men Filip kallar det Noregs navle – i alle fall for 130 år sidan.

Gjennomfartsstad og turistmål

På slutten av 1800-talet var Dalen ein sentral stad mellom dei store byane sør i Noreg, og i 1892 opna den storslegne Telemarkskanalen frå Skien til Dalen. Når ein kunne reise med kanalbåt til Dalen og vidare med hest og kjerre over fjellet mot Vestlandet, blei dette den mest effektive ferdselsåra frå Austlandet til Vestlandet. I europeiske reisehandbøker blei kanalen skildra som det åttande underverk.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS