Som kostymedesignar er fast jobb på Khio noko av det beste ein kan få. Det veit Signe godt, og ho er takksam og stolt over å jobbe der.
Line Omland Eilevstjønn
«Eg kan skostørrelsen til alle norske skodespelarar dei siste femten åra»
Sidan 2004 har Signe Vasshus (49) frå Rauland jobba som kostymedesignar på Teaterhøgskulen i Oslo.
Det er ein strålande fin vårdag i hovudstaden. Sola trenger inn gjennom store vindauge byen rundt. Signe Vasshus går med raske og bestemte steg mot teaterdelen av det store mursteinsbygget som utgjer Kunsthøgskulen i Oslo. Ho passerer scener, kulisseheisar og store lager som er høge under taket. På den eine scena står det ein gjeng med studentar og øver. Det er eksamenstid på Khio, og alle delar av apparatet er i full sving med å få alt klart til avgangsframsyningane. Dagane til Signe går med til planleggingsmøte og kostymeprosjekt for skodespelarar og dansarar.
I den store bygningsmassen finn ein Operahøgskulen, Teaterhøgskulen, Kunstakademiet og avdelingane for dans, design, og kunst og handverk.
Dei fleste kjente skodespelarar har vore innom der. Frå Agnes Kittelsen, Pia Tjelta, Nicolai Cleve Broch og Tobias Santelmann til Kjersti Holmen, Ellen Horn og Klaus Hagerup. I avgangskullet denne våren finn ein Ina Svenningdal og Carl Martin Eggesbø, kjente som Chris og Eskild frå suksess-serien «Skam». Signe har kledd alle skodespelarspirer som har dukka opp i Noreg sidan 2004.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP