Ei jolehelsing sendt frå satellittelefon midt utpå Atlanterhavet!
For fyresdølane Jon Markus og Sibylla Gjersund blir det ei annleis jol.
For nøyaktig eitt år sidan sat me rundt middagsbordet heime i Fyresdal og drøymde om ein lengre seglas. Eit halvt år seinare hadde mamma og pappa pakka seg inn i båten og brukte sommaren og hausten på å køyre gjennom kanalane i Europa ned til Spania. Frå Spania tok me over båten og segla innom både Gran Canaria og Kapp Verde.
No, eitt år etter draumen blei nemnd, sit me midt ute på Atlanterhavet og førebur oss på jolekvelden her. Ei veldig annleis jolefeiring, men likevel skal det bli både jolegraut, pinnekjøt og jolemusikk. Me gler oss til å kome fram til Karibia, men akkurat no nyt vi òg stilla.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me ynskjer familie, vener og andre kjenningar ei riktig god jol og eit godt nytt år. Vi tenkjer på dykk her ute på bølgjene blå. Me håper at fleire realiserer draumane og måla sine i året som kjem. Ein angrar oftast på det ein ikkje har fått gjort. Våg å gå utanfor komfortsonen!
Helsing frå seglbåten JOMA (båteigar Jon Markus Gjersund, mannskapet Sibylla Gjersund, Ronja Tislevoll og Helge Schjøtt Moen)