Riksmøte: I perioden 1940-1945 var det bare eitt riksmøte, 8. riksmøte i Oslo 26.-27.09.1942. Om lag 10 000 deltakarar frå heile landet samla seg i hovudstaden. Programmet omfatta mellom anna store paradar der både arbeidstjeneste, kvinner, SS, NSUF, ung- og småhird defilerte, og i Frognerparken blei det halde ei stor minnemarkering for dei falne. Fylkesførar Oscar Hæreid frå Kviteseid bak Vidkun Quisling.
Riksarkivet
Ein hardnakka nazist frå Kviteseid
Han heldt ut til det siste Oscar Hæreid. Distriktsveterinæren i Kviteseid starta som høgremann, følgde i Quislings spor og melde seg inn i NS då optimismen var som størst.
I Ola Karlsens nyaste bok om våre mest svikefulle landsmenn – «Den norske nazieliten» (Gyldendal 2020) – møter me ein studert og høgt kvalifisert veterinær med eksamen frå universitetet i Leipzig. Fru Hæreid hadde forresten også høgare utdanning - i musikk - frå Dresden og ho skal ha vore svært lei seg for at hennar gamle og nye fedreland ikkje gjekk betre saman.
I 1935 overtok Hæreid stillinga som distriktsveterinær i Kviteseid og blei på same tid leiar i Kviteseid Høgre. Den ferske reseptskrivaren var nok i meste laget uvøren med pennen og blei fleire gonger bøtelagt for å ha selt sprit under disken. Statsadvokaten tok ikkje altfor alvorleg på saka: «Man kan ikke gang på gang ha disse reseptsakene med den uhygge og strid som de ellers skaper i et ellers fredelig distrikt.»
Fekk sparken - oppover
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP