Klar: Meg før avreise. Klar til å ta fatt på haiketuren, med flagg sjølvsagt.
Er det framleis mogleg å haike?
VTB ville finne ut korleis det står til med haikekulturen i dag, og testa det ved å haike frå Åmot til Porsgrunn.
Det var fint vêr denne laurdagen då underteikna prøvde lykka langs vegen. Det var nesten sommar, og optimismen var stor. Trua på at haiking framleis er mogleg, og at det ikkje berre er eit minne frå ungdomstida på 1980-talet, var til stades. Men spørsmåla var der. Ville folk stoppe for haikaren? Kor lang tid ville det ta? Kva slags folk tek med haikarar? Ville det gå greitt å finne ein god plass å haike på dei meir trafikkerte stadane frå Midt-Telemark mot Grenland?
Ei filminteressert dame
Haiketuren starta ved det gamle Texaco-bygget i Åmot, ved avkøyringa til gamle Vinje Sag og Høvleri, no XL-Bygg. Klokka er 9 om morgonen, og det er alt mykje trafikk på E134. Etter om lag 20 minutt stoppar ein bil. Ei dame ved namn Mona Haugen, som kjenner underteikna frå Rauland filmklubb, stoppar. Ho køyrer mykje langs vegen, bur på Rauland og haika mykje i ungdommen. På vegen til Seljord, der eg hoppar av, fortel ho historier frå eit langt liv med haiking.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP