Då freden kom til Kviteseid.

Fredsvåren 1945 i Kviteseid

Stutte glimt frå våren 1945 då det var slutt på andre verdskrig.

Publisert

Eg var fødd på Flatin i Kviteseid seint på hausten 1939, og var såleis fem og eit halvt år på den tida. Ein rømling som vart kalla Rottenikken var det mykje snakka om. Han farta rundt i skogane her i Øvre Telemark, dreiv med hytteinnbrot, tjuvslakting, knivstikking og kidnapping. Han var såleis den mest ettersøkte forbrytaren under heile krigen. Mange foreldre skremde ungane med at var dei ikkje snille skulle Rottenikken koma og taka dei.

Nokre dagar etter leika eg og ein ven av meg i vegkanten. Då kom ein lastebil med væpna heimefrontsoldatar på lasteplanen og stoppa ikkje langt frå oss. Dei hoppa av bilen og kringsette eit hus. Nokre minuttar etter kom dei attende med ein mann som gjekk med hendene over hovudet, dei fekk han opp på lasteplanet og så køyrde dei vidare. Litt seinare på året var mannen heime att, så eg trur ikkje det var så stor forbrytelsen han hadde gjort.

På denne tida kom det og ut eit rykte blant ungane på Flatin om at ein lastebil med tyske soldatar hadde køyrd gale nær Årstalet i Brunkebergbakkane. Ryktet sa at dei hadde kasta gevær og ammunisjon ned i urda under vegen. Vi ungar, både store og små, hasta oppover forbi Gotuholt og Storgård og opp i urda under vegen. På den støypte muren sat heimefrontsoldat Alf Haugestøyl med gevær og armbind med det norske flagget på. Nokre av dei store ungane fann nokre «skøt» som vi kalla dei. Eg hugsar at vi småungane såg på når ungdomane fjerna prosjektilet med ei tang, og så vart det lagt på ein stein, så sleppt ein stor stein oppå der att, og då kom det ein eksplosjon.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS