Tida flyg når ein har det moro: Dei unge nissedølane viser høg stilkarakter i slengtaua i gymsalen ved Tveit skule.
Symre Taugbøl Bang
Friminutt på skulen, midt i ferien
I juli har Nissedal kommune fire aktivitetsdagar på Fleirbrukshuset ved Tveit skule slik at ungane kan kome saman i ferien. Prosjektleiar Lena Holskar Sanden håpar det kan bidra til å gjere skulestarten litt lettare.
Sommaren er lang for den som er liten, og i juli stenger SFO og fritidsaktivitetar ned. Iryna Koval frå ungdomsklubben i Nissedal og Lena Holskar Sanden, prosjektleiar for folkehelsetiltaket Binders, var på plass i Fleirbrukshuset onsdag for å ynskje born og foreldre velkomen til ein heil dag med leik og aktivitetar. Tiltaket er retta mot 1.-7. trinn, og er heilt gratis og ope.
– I fjor sommar fekk Ung i Nissedal gjennomført mange gode aktivitetstilbod, men me trong noko også for dei under 13 år. Det var integreringstenesta som tok kontakt med meg for å dra i gang noko, seier Sanden. Ho fortel at det ikkje var vanskeleg å selje inn ideen til kommunestyret, som var positive frå start.
Evig friminutt
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP