LAN-party: Mange var allereie i gang med å game klokka kvart over fem om ettermiddagen. Fedrane i bakgrunnen har nettopp hjelpt podane sine å rigge opp «setupet» – og har kanskje litegranne lyst å setje seg ned ved ein skjerm sjølve?
Åshild Emma Solbjør
Fylte salen med kids og konsollar. – Går de ut etter klokka 10, kjem de ikkje inn att
Verdien per kvadratmeter aukar ein del når 30 unge deltakarar riggar seg til med skjermar, tastatur, datamaskiner og spelkonsollar i kinosalen på Vinjehuset. Det er fredag ettermiddag og LAN – og målet til dei fleste er å spele heile natta lang.
Ein del reglar vert parkerte når det er LAN. Det er til dømes ingen som helst grenser for kor mykje skjermtid ein kan ha, og leggetid, det eksisterer ikkje. Men eit par grenser må det vere.
– Det er mykje utstyr her, så klokka 10 låser me dørene, seier LAN-arrangør Johannes Eriksen, som også er gaming-lærar i kulturskulen i Vinje.
– Så går de ut etter klokka 10, kjem de ikkje inn att, åtvarar han.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP