Engasjert: Halvor Nyland frå Kviteseid synest det er triveleg å bidra med noko til lokalsamfunnet. Det har ført til fleire tiår som engasjert i idrett og politikk. På «Kviteseiddagen» fekk han kulturprisen for 2024.
Kari Smeland
Halvor har over førti år med verv og dugnadsarbeid for idrettslaget. I år fekk han kulturprisen
Utstyrt med rive vart Halvor Nyland teke med på friidrettsstemne frå han var gutunge. Sidan har det blitt over førti år med ulike verv og styre i Kviteseid idrettslag. Og framleis har han ikkje gjeve seg.
På Kviteseiddagen fekk Halvor Kviteseid kommunes kulturpris for 2024.
– Det verste var at eg ikkje ante nokon ting.
Han smiler, og viser veg inn på kjøkkenet. Byr på kaffi ved bordet med utsikt over Sundkilen og vegarbeidet på riksveg 41 som går gjennom Haukomgrendi. Her har Halvor og kona Gina budd med familien sidan 1988. Den gong fekk dei beskjed om at bygging av gang- og sykkelveg var nært føreståande.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP