Han var rikast i 1816, men kvar ville han vore på skattelistene for 2020?
Ingen av dei største skattytarane i Vest-Telemark i 1816 ville vore i nærleiken av topplistene for fjoråret.
For å kunne koma fram til ein samanlikning mellom dei største skattytarane i Vest-Telemark i 1816 og i 2020, må ein fyrst rekne om frå spesidalar, som sylvskatten vart betalt i, til kroner. Deretter må ein finne prisveksten – inflasjonen – gjennom dei 204 åra frå dei fyrste skattelistene for Vest-Telemark kom, til dei førebels siste.
Heldigvis har Noregs Bank eit nyttig verkty for å gjere nett dette. Ifylgje deira oversikt, går det 4 kroner per spesidalar, medan prisveksten er på heile 4 972,21 prosent.
Når det er gjort, kan me ta føre oss dei største skattytarane då og no. I 1816 var det Østein Tovsen frå garden Sandok i Nesland i Vinje som betalte mest til rikskassa, med 105 spesidalar. Dette tilsvarer altså 420 kroner då, og justert for prisvekst endar ein på 21 303 kroner i 2020-verdi.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP