Testar Vest-Telemark: Symre Taugbøl Bang (t.v.) og Åsne Margrete Kleiv er sommarvikarar i VTB, og vil gjerne ha tips om sommaraktivitetar dei kan teste ut.
Cecilie Ausland
«Har du vore på»: Svingkurs på Seljordfestivalen?
Kva skal ein bruke ein sommar i Vest-Telemark på? Bli med innfødde, men utflytte Åsne og Symre medan dei sjekkar ut kva regionen har å by på av sommaraktivitetar dei ikkje har prøvd før! Sjå video og bilde frå aktivitetane på VTB sin Snapchat og Instagram.
Me har aldri vore på svingkurs på Seljordfestivalen, men då Seljord og Kviteseid Swingklubb inviterte til gratis kurs for dei under 40 greip me sjansen.
Forventningar
Motivasjonen før aktiviteten var å rekne som stor, då begge meinte at dette er kunnskap ein vil få bruk for seinare i livet. Medan Symre forventingsfullt pakka med sine svarte dansesko før jobb, gjekk Åsne for eit par flate adidas.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP