Ragnhild Rose Knudsen har i over 30 år vore med på å forme, dyrke, utvikle og skape folkemusikk i Seljord, Vest-Telemark, Norden og no Europa. Det kan me takke ein liten notis i Dagbladet for.
Åshild Emma Solbjør
Ho kan fiolin og bratsj og har dansa ballett. Men Ragnhild er også ein vaskeekte spelemann
– Alt handlar jo om musikk. Men det hender at eg strikkar også, seier Ragnhild Rose Knudsen (64).
Ein hustrig haustvind får dei japanske lyktene til å rasle langs husveggane når Ragnhild tek oss imot heime i Bringsås i Seljord. Det er berre ein time sidan ho sjølv kom inn døra.
– I går vandra eg i Portos gater, før eg flaug til Paris og så vidt rakk flyet vidare til Oslo, der eg overnatta hos Ingrid, før eg tok bussen til Seljord i dag. Slik er livet, av og til, smiler ho og legg ein kubbe i vedomnen.
– Og i morgon er det kulturskule frå 12 til 18, men så har eg fri for å vere musikar i 2-3 dagar. Eg har rydda alt av planar og e-postar vekk, og skal bruke tida på Pauliina.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP