Fødd 12.04.1922: Gerd Omlid har eit godt minne og fortel gjerne om tida som var – om tida med husdyrhald og jord- og hagebruk.

I dag fyller småbrukaren på Gjervoll hundre år

Det aller meste av arbeidsdagen sin har Gerd Omlid lagt ned på småbruket i Sandlandsgrendi i Brunkeberg.

Publisert Sist oppdatert

Det vårast i Kviteseid. Blåveisen blømer i skogbotnen og hestehoven stikk nysgjerrig det gule bustehovudet sitt fram i grøftekantane. I solveggen lyser kvite snøklokker. Dette er tida då alle som elskar blomebed, drivhus og hage struttar av energi etter å koma i gang med alt som skal vekse og gro gjennom sommaren. Slikt tenkjer også Gerd Omlid på der ho sit ved glaset på rommet sitt ved Kviteseid omsorgssenter. Som så mange andre bebuarar der har ho ikkje rom med utsikt mot Sundkilen. Frå vindauget, dit sola knappast når, ser ein beint i ei skråning. Tru ikkje at Gerd klagar. Men når blomar, grønsaker og hage blir nemnt, kjem det fort:

– Eg skulle ha vore i hagen min no. Det var der eg lika meg.

Grønsakhage og blomebed

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS