Godt samarbeid: Yuliia Alpatova frå Ukraina og Rob Saly, opphavleg frå Nederland, bur begge i Fyresdal og jobbar på Dalen mekaniske. For Yuliia har det vore god støtte å jobbe med Rob, som sjølv måtte lære seg norsk då han flytta til Noreg i 2003.
Kari Smeland
I februar byrja Yuliia i språkpraksis på Dalen mekaniske. 1. november fekk ho fast stilling
Språkkunnskapar er som regel avgjerande for å få jobb, og er ein viktig årsak til at det er vanskeleg for dei ukrainske flyktningane å få jobb i Noreg. Teknologiingeniøren Yuliia Alpatova er eitt av unntaka.
Når Dmytro Bilovol signerer kontrakt på arbeidspraksis hos Dalen Mekaniske kan Yuliia Alpatova hjelpe til om det er ord han ikkje forstår.
Både Dmytro og Yuliia har flykta frå Ukraina til Noreg. Dmytro til Tokke og Dalen saman med kona og dei to døtrene Sofia og Anna, og Yuliia til Fyresdal saman med mora og sonen på tolv år. Medan Yuliia hadde sin fyrste dag i språkpraksis på Dalen mekaniske i februar i fjor, og 1. november fekk full, fast stilling, har Dmytro sin fyrste dag i arbeidspraksis i same bedrift nå.
– Korleis var det å få fast jobb etter så kort tid i Noreg?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP