I skjul: Sjølv om han heldt seg i skjul lura nok også Pipargarden til seg ein tyrield attått Piparsteinane for varme og matlaging, skriv Bjørn Møtteberg.

I fotspora til Pipargarden: Det blei sagt han «var som ei landeplage»

I ei fjellbygd var Pipargarden fødd og til fjellbygder drog han. Han blei ein jaga mann og kunne halde seg og sitt i skjul i fjellskorter og under hellerar i heiane.

Publisert

Han kom i frå bygda Nore i Numedal. Dei var ti sysken og mor var Gjertrud Sebjørnsdotter Skjønne og far Knut Halvorsen Kollandsrud. Plassen dei budde på gjekk for både Pipargarden og Kollandsrud i gamal tid, men heiter Kollandsrud og ligg på vestsida av Norefjorden og aust for grense Tinn kommune.

Men det var Halvor Knutsen som var hans eigentlege namn.

Og Gards- og ættesoga for Nore og Uvdal fortel at han blei døypt i 1723 – altså for 301 år sidan. Det var namnet «Pipargarden» han blei kjend som då han i 1750-åri og frametter herja som tjuv her i Vest-Telemark, og då helst i Vinje. Det blei sagt han «var som ei landeplage». Han laga ikkje akkurat livet så lett for seg sjølv og kludra det såleis til for andre. Og han var lauskar – hadde ikkje noko eigen familie då han drog gjennom bygder og over fjellvidder på sine tokter.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS