Frå den faste plassen ved kjøkenbordet kan Turid veksle mellom å lese helgemagasin og å sjå om aura vaker nede på Oftevatn.

«Ifølgje mor mi lærte eg ikkje å gå før eg var tre år. Før det så sprang eg.»

Turid Varsi (80) er i dag akkurat der ho vil vera. Heime i Høydalsmo. Vegen dit har vore lang og til tider vanskeleg å gå, men ho har det med å lande på føtene denne dama.

Publisert Sist oppdatert

Du veit når du går inn i eit hus og du med ein gong forstår at kvar einaste gjenstand i nemnte hus har ei historie og ein grunn til å stå akkurat der dei gjer? Slik er det å gå inn i huset på den vesle toppen ved sida av skulen i Høydalsmo. Eit slags museum, som hovudpersonen kallar det sjølv.

Turid Varsi. Kjent og kjær lærar og tidlegare politikar for Arbeidarpartiet. Den fyrste kvinna frå Telemark på Stortinget. Viss ein nokon gong har vore nokon stad med Turid, har ein merka at dei aller fleste kjenner ho. Eit utal høysekkar har hatt Turid som lærar. Resten veit godt kven ho er.

– Det er ikkje mange som har unngått meg, seier ho lurt.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS