Møtestad: Ein gjeng damer er samla rundt eit langbord i Raubygget i Lårdal – og rundt jolas hovudperson, Jesus. Arrangøren av treffet er «kvinner i nettverk».
Åshild Emma Solbjør
Janne, Johanne og jolas hovudperson
Oppå eit teppe av mjuke pianotonar høyrer me det same namnet igjen og igjen, som svar i ei kviskrande samtale der me berre høyrer eine enden. – Jesus …Jesus … Jesus …
Rundt eit langbord i Lårdal sit damer frå Heddal, Seljord, Skien, Kviteseid, Tokke. Den yngste er i tjueåra, den eldste i sekstiåra, men dei har alle noko til felles. Eit ønske om å bli kjende med nye andlet. Og trua på han som jo er jolas hovudperson. Jesus.
Dei trur at der to eller tre samlar seg om Guds ord, så er Gud blant dei. Altså at Gud er her inne i Raubygget denne hustrige og våte laurdagen i desember – for her er dei då minst tolv.
Det er ikkje berre ute det er surt og kaldt, det er temmeleg kjølig inne også. Varmepumpa er ikkje på lag, sender berre kaldluft. Fleire hutrar, hentar jakker og skjerf.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP