Endeleg ferdig: Sidan 2014 har Laura Ellestad jobba med doktorgraden sin frå Musikkhøgskulen på toppen av jobb og familie. – Utruleg godt å vere ferdig.
Symre Taugbøl Bang
Kanadiaren Laura (40) har tatt doktorgrad om utvandra spelemenn. Sjølv førte hardingfela henne til Rauland
Laura Ellestad (40) har flytta frå Nord-Amerika til Noreg, med hardingfela som kompass. Nå er ho i mål med doktorgraden om dei som flytta andre vegen – og tok med seg folkemusikken til USA.
Siste dagen i mai disputerte Laura Ellestad for doktorgraden ved Musikkhøgskolen i Oslo – ei oppgåve ho har jobba med sidan 2014.
– Det er utruleg godt å vere ferdig, seier ein letta Ellestad som undervegs i stipendiatet har flytta til Rauland der ho har jobba full tid og etablert seg med mann og to barn.
Ellestad har forska på identitetskonstruksjon gjennom utøving av sjangrane bygdedans og «Norwegian-American Old-Time Music», med blant anna ein vesttele som utvandra til USA som kasusstudium.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP