Fann lykka: Magnus Prøven og Karoline Risan fall pladask for småbruket i Lårdal. I september i fjor flytta dei til bygda der dei ikkje kjente nokon. Etter at dei flytta inn på småbruket, klyper dei seg i armen omtrent kvar dag for å forstå at det ikkje berre er ein draum, men ein draum som har gått i oppfylling.
Else Børte
Karoline og Magnus fall pladask for livet i Lårdal
Paret hadde planar om å bruke eit år i bubil rundt om i Noreg for å finne staden dei ville busetje seg på. Fyrste helga på landevegen kom dei til Lårdal. Dei lika seg så godt at dei selde bubilen, kjøpte småbruk og blei verande.
Karoline Risan (31) og Magnus Prøven (33) kjøpte seg ein svær bubil og skulle reise Noreg rundt i eitt år for å finne den rette plassen å busetje seg. I juni i fjor la dei ut på sin fyrste rekognoseringstur. Då reiste dei ut frå Arendal og skulle køyre til Valdres. Då dei kom til Vrådal, nemnde Karoline for Magnus at ho hadde sett eit småbruk i Lårdal på Finn.no. Ho har dei to siste åra leita etter småbruk på nettstaden.
– Det viste seg at me kunne sjå staden dagen etter, så då køyrde me til Lårdal og låg ei natt på campinga. Det var ein sommaridyll utan like, seier Karoline.
Kryssa av mange boksar
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP