Alle kan danse: Anne og Bjarne Stokka trivst godt på Seljordfestivalen, og oppfordrar alle til å danse og treffe folk.

Klar oppfordring frå Seljordfestivalen. – Dans med det du har

Dans og musikk går hand i hand på Seljordfestivalen, og dansegolvet er for alle. Likevel kan ein sjå eit fråvær av ungdom. – Dei må sjølv sjå verdien i å kunne be opp ei jente og svinge ho ordentleg rundt, seier danseinstruktør Eddie Andersen.

Publisert Sist oppdatert

Dei største konsertane på Seljordfestivalen går føre seg på Caféscena framfor det som i år er eit dansegolv utvida med 100 nye kvadratmeter. Det er også mogeleg å friske opp ferdigheitene på kurs i både swing eller bugg som har blitt arrangert torsdag, fredag og laurdag. Sjølv om det er mange som dansar på festivalen er det utfordrande å rekruttere nye til miljøet. – Det er så mange andre tilbod i dag. Me kan tydeleg sjå at deltakarane blir eldre, og det er vanskeleg å få seg med ungdommen, seier Tor Nybakken (70) som har vore ansvarleg for dansekursa på Seljordfestivalen i mange år.

Håpar fleire unge ser verdien i dans

Alle danseinstruktørane på Seljordfestivalen er einige om at miljøet blir eldre og eldre. Eddie Andersen er instruktør i folkeswing og synest det er trist at ikkje fleire unge ser verdien i dansen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS