Kunstnardalen: Det har ikkje alltid vore harmoni mellom Ordal og Sandlandsgrend, seier Edvard Evja, og vil foreine dei i Kunstnardalen.
Elisabeth Hagen Kvalem
Kunstnardalen
Mellom seg har dei to grendene Ordal og Sandlandsgrend minst 26 kunstnarar, to dalføre, ei elv og historie heilt tilbake til Vikingtida. Edvard Evja vil foreine dei.
– Det har ikkje alltid vore fred mellom Sandlandsgrend og Ordal. Då me flytta hit las eg eit oppslag om at det skulle vere joletrefest på den gamle skulen i Ordal. Sidsel og eg tok med ungane og reiste opp dit. Då dei såg at det var folk dei ikkje kjende, blei dei heilt stive i maska. Ingen snakka med oss! Dei berre sat der og glodde på framandfolket.
– Er det slik framleis?
– Nei, men eg tergar ordølane litt med det då, veit du. Me er gode vener, så det går bra.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP